– Om det er ein ting eg har lært av dette, så er det at eg ikkje har noko peiling på kva som vil skje eit hundreår frå i dag.
Det fortel forskar Paul Fairie frå University of Calgary til NPR. Forskaren har lese aviser frå 1923 for å sjå kva spådomar dei hadde for 2023.
Dette er nokre av dei mest interessante spådomane:
Kjøkenet har forsvunne
I 1923 såg ein ikkje lenger føre seg at vi skulle bruke tid på kjøkenet. Innan 2023 skulle ein ete mat som var laga ved hjelp av kjemiske formlar.
Sausen som vi kjenner han skulle òg vere vekke for godt, og erstatta med ei velsmakande blanding av mellom anna vitamin og kaloriar.
Svarte tenner er in
Innan 2023 så kom kvinner truleg til å barbere hovudet og menn til å ha krøllar. Det vart kanskje rekna som ein vågal spådom i 1923, men det har vist seg å vere sant.
Mindre hell var det med spådomen om at jenter kom til å måle tennene sine svarte.
«Kjem vi ikkje til å vere vakre?» spurde Savannah News.
Alle er vakre
Apropos vakre, ein annan spådom hevda at innan 2023 vil skjønnheitskonkurransar vere unødvendig fordi det vil vere så mange vakre menneske at det er umogeleg å kåre ein vinnar.
Det same ville gjelde baby-konkurransar, som tydelegvis var populært i 1923.
Firetimarsdagen
Takka vere elektrisitet, spådde ein forskar at vi skulle sleppe å arbeide meir enn fire timar kvar dag.
I tillegg ville elektrisitet føre til at alle byar ville vere plettfrie.
Vi kjem til å leve til vi er 100–300 år
«Innan 2023 kan den gjennomsnittlege levealderen verte auka til 100 år,» spekulerte ei avis. I individuelle tilfelle, kan levealderen auke med 150 år eller til og med 200 år.
Ei anna avis siterte ein forskar som gjekk endå lengre. Han hevda at innan 2023, ville den forventa levealderen vere heile 300 år.
Trådlaus krig og telepati
Professor A.M. Low fortalde ei avis at innan 2023 er krigar trådlause.
I tillegg trudde han telepati mogelegvis kom til å eksistere i foster, noko som ville vere ein nyttig måte å kommunisere på.
Mobiltelefonen
Ei avis frå 1923 trefte blink med spådomen om at telefonar på storleik med klokker vil late folk i 2023 kommunisere verda rundt.
Dei spådde såleis at vi alle kom til å ha mobil!