Om vinteren kan det bli svært kaldt i Ukraina. Den norske utanriksministeren Anniken Huitfeldt åtvarar Russland mot å bruka kulde som våpen i krigen.
– Det er ein desperat situasjon me no er vitne til. Mange her står overfor eit dystert val; å flykta eller å frysa, seier ho i ei pressemelding.
Manglar lys og varme
Etter massiv bombing sist veke, var 70 prosent av befolkninga i Kyiv utan straum. Nokre område, inkludert store delar av Donetsk- og Luhansk-regionen, vil i verste fall mangla varme heile vinteren, ifølgje ukrainske styresmakter. Så langt er det likevel få teikn som tyder på at ukrainarane er i ferd med å mista motet og motstandsviljen av den grunn.
– Nei, snarare tvert imot. Det er sterkt å oppleva motstandskrafta og viljen til ukrainarane til å vinna krigen, kosta kva det kosta vil. Dette trass i dei enorme lidingane det ukrainske folket har vore gjennom, og den påkjenninga ein slik krig er på heile det ukrainske samfunnet, seier Huitfeldt.
Enorme behov
Ifølgje FN har nesten 18 millionar menneske – 40 prosent av den ukrainske befolkninga – behov for humanitær bistand. Nesten åtte millionar ukrainarar har flykta frå heimlandet. Samtidig har over 6,5 millionar blitt nøydde til å flykta frå ein stad til ein annan stad i Ukraina. Dette er ein brutal konflikt retta mot dei mest sårbare.
– Det er derfor norsk støtte har vore og framleis er så viktig. Og derfor skal me halda fram med å støtta Ukraina i tida som kjem. Noreg står på sida til den ukrainske befolkninga. Me har levert og held fram med å levera store mengder humanitær bistand, seier Huitfeldt.
Norsk gass-støtte
Med seg til Kyiv har utanriksministeren den nyleg signerte avtalen om norsk støtte på to milliardar kroner til gasskjøp for å hjelpa Ukraina gjennom vinteren. I tillegg kjem ein milliard kroner som no går til å reparera straumforsyning og annan viktig infrastruktur.
– Ukraina har vist ei stor evne til å halda oppe drift og reparera øydelagde anlegg, men dei treng støtte både til å sikra energiforsyning og løpande reparasjonar. Støtte til kraftforsyninga har høg prioritet. Utan elektrisitet står folk her utan tilgang til helsetenester og sjukehus, med dei alvorlege konsekvensane det får, seier Huitfeldt.