– Det at jenter har høgare risiko for å bli skadd er uventa, og ikkje noko me har sett med andre transportmiddel. Det vanlege er at gutar er meir risikosøkande, og også meir utsette for ulukker. Kanskje kan dette henga saman med at jenter oftare køyrer to på elsparkesykkelen, men dette må me undersøka nærare, seier forskingsleiar ved TØI Aslak Fyhri til Toi.no.
Det er mellom fem til sju gonger så høg risiko for å skada seg på elsparkesykkel, samanlikna med ein vanleg sykkel, skriv Ung.Forskning.no.