Åtte av ti vil ha strengare aldersgrense for elsparkesykkel

Om kort tid blir det innført nye reglar for elsparkesykkel - mellom anna ei nedre aldersgrense på 12 år. Men ikkje alle er fornøgd med dei nye reglane.

I ei fersk spørjeundersøking støttar åtte av ti at det blir innført strengare reglar når det gjelder bruk av elektrisk sparkesykkel.

Heile 44 prosent av dei som svara i undersøkinga, meiner ein bør vera fylt 16 år for å bruka elsparkesykkel.

– Med dei nye reglane som blir innførte om kort tid, vil det innførast ei nedre aldersgrense på 12 år. Heile 44 prosent av dei spurde i undersøkinga meiner denne grensa bør gå ved 16 år, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgivar i Tryg Forsikring til NRK.

GIF: Giphy.com

Kva aldersgrense bør det vera på elsparkesykkel?

Kva aldersgrense bør det vera på elsparkesykkel?

12 år121
16 år12
Ingen40
Svar totalt: 173