På Ullevål sjukehus i Oslo får dei inn éin til to skadde etter elsparkesykkelulykker kvar dag om sommaren, skriv NRK.
– I dag så er det nok kanskje verre å vere i ei elsparkesykkelulykke enn i ei bilulykke, fordi at bilane har blitt så sikre, seier overlege Jon Ramm-Pettersen til NRK.
Typiske skader for elsparkesykkelulykker er hovudskadar og skader i ansiktet.
Kan bli dyrt for foreldre
Om eit barn skadar nokon som følgje av bruk av elsparkesykkel, kan det fort vere at foreldra må betale mange pengar.
Når ein person blir skada i ei ulykke kan det kome erstatningskrav. Erstatningskrav er pengar som skal betalast til den som er skadd og ved alvorlege skader kan dette kravet vere på fleire millionar kroner.
Sjølv om dei aller fleste ulykker med elsparkesykkel går utover ein sjølv, kan også det vere dyrt. Det kostar nemleg med behandling av skader som er sjølvpåførte.
Det som rett nok kan dekke ein del av kostnadane som kjem med ei elsparkesykkelulykke, er forsikring av elsparkesykkelen. Forsikring er ei avtale som gjer at ein får igjen pengar hos eit forsikringsselskap om det skulle skje ei ulykke.

Trimma elsparkesyklar
Mange elsparkesyklar i dag er trimma. Det vil seie at dei er “fiksa” på slik at dei kan gå over 20 kilometer i timen – det som er fartsgrensa til elsparkesyklar.
At ein elsparkesykkel kan køyrast i så stor fart, er svært farleg dersom noko går gale. Då kan skadane bli mykje større.
Om elsparkesykkelen er trimma, kan ein heller ikkje ha forsikring på han. Det er derfor viktig at foreldre følgjer med på korleis elsparkesykkelen til barna blir brukt.
Dersom eit barn kjem ut for ei ulykke med ein trimma elsparkesykkel, kan foreldra bli meldt til politiet.
Vil ha høgare aldersgrense
I dag er det 12-årsgrense på å køyre privat elsparkesykkel.
– Vi meiner at aldersgrensa for privateigde elsparkesyklar er altfor låg, seier Stine Neverdal i Trafikkforsikringsforeningen til NRK.
Regjeringa vurderer rett nok å auke aldersgrensa.
På elsparkesyklar ein leiger, er aldersgrensa stort sett mellom 16 og 18 år.






















