Kan bli 16 års aldersgrense for elsparkesyklar

Det er 12-årsgrense på bruk av elsparkesyklar. No føreslår regjeringa å heve grensa.

Samferdselsminister Kamzy Gunaratman bekymrar seg over at mange unge skadar seg på elsparkesykkel, skriv Framtida.

– Det er altfor mykje uforsiktig køyring på elsparkesykkel, og delen unge som skadar seg i trafikken, aukar. Dette er ikkje berre skrammer, men alvorlege ulykker, seier Kamzy.

Akkurat korleis det skal sikrast at aldersgrensa blir følgt, er ikkje avklara enno.

Fleire selskap som leiger ut elsparkesyklar, har allereie heva aldersgrensa til 15 og 16 år.