Slik går du fram:
1: Bruk ei gjennomsiktig flaske med skrukork. Stikk hol i korken og tre hyssing gjennom holet.
2: Hell vatn i flaska, til den er halvfull. Deretter skrur du på korken.
3: No kan du klippa til ei pappskive, av tjukk papp. Den skal vera om lag tre gonger så stpr som botnen av flaska. Kle denne botnen inn i aluminiumsfolie som du rettar ut så godt om råd.
4: Lim så flaska midt på pappskiva, og heng den i eit vindauge så sola skin på den.
5: Når sola står lågt, kan du sjå regnbogen inne i flaska!