Veronica (27) lever av å laga kule eksperiment – men ein dag gjekk det gale

Fysikar Veronica Danielsen held vitskapsshow for å læra barn fysikk. Men fysikk kan òg vera farleg, noko ho sjølv har fått kjenna på kroppen.

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

– I fjor skulle eg laga ein nitrogenrakett, som eg skulle bruka på eit vitskapsshow. Då blandar du saman nitrogen og vatn i ei flaske, noko som gjer at den skal fly av garde. Men då eg gjorde dette, eksploderte den i handa mi, fortel Veronica.

Uhellet gjorde store skadar på tommelen til Veronica, og ho fortel at ho er redd for at den kanskje aldri kjem til å bli heilt som den var før ulukka.

Ho har lært seg at ho må vera meir forsiktig.

– Ein kan ikkje berre gjera eksperiment fordi det ser kult ut på ein YouTube-video. Det er veldig viktig å tenkja på konsekvensane.

Lærer nye ting: Jobben gjer det mogleg for Veronica heile tida læra seg nye ting. – Før eg starta i denne jobben, hadde eg berre enkel kunnskap om programmering. No har eg lært meg microbit, slik som alle 6.-klassingane i Noreg også lærer seg, seier ho. Foto: Hans Jacob Heimvoll
Ikkje gjer dette heime: Slik såg tommelen til Veronica ut, etter uhellet med eksperimentet. Foto: privat

Fysikken forklarer noko om alt som finst

Sjølv om ho fekk seg ein skrekk etter ulukka, er Veronica svært glad i jobben sin, og glad for at ho valde å bli fysikar.

– Då eg skulle bestemma meg for kva eg ville studera, ville eg finna eit studie som kunne forklara meg noko om alt som finst, seier ho.

Det var då ho bestemte seg for å studera fysikk. Det er vitskap om naturen, om korleis universet er bygd opp og korleis ulike fenomen som massar, energi og rørsler heng saman. No jobbar ho som vitskapsformidlar på vitensenteret ViteMeir i Sogndal.

Held vitskapsshow for publikum

Interessert i nordlyset: Her har Veronica vitskapsshow. Ho fortel at ho alltid har vore veldig interessert i verdsrommet, og særleg i nordlyset. – På universitetet fekk eg læra om fysikken bak nordlyset. Eg fekk mellom anna læra at viss det er mykje nordlys, så kan gps-systemet på jorda bli skikkeleg forstyrra. Det kan bli interessant viss me skal ha sjølvkøyrande bilar på eit tidspunkt. Foto: privat

– Noko av det kjekkaste eg gjer er å halda vitskapsshow. Då viser eg fram kule eksperiment for dei som kjem på besøk, og forklarar vitskapen bak eksperimenta.

Ho fortel at vitskapsshowa er litt forskjellige etter kven som kjem på besøk, men at dei som regel er ein kombinasjon av læring og skodespel.

– Eg synest at det er gøy å dela det eg har lært med andre, seier Veronica.

Tips til unge forskarar:

  • Følg med i naturfagstimane og i engelsken. Mykje forsking skjer på engelsk.
  • Viss du skjønar engelsk, er det ein god YouTube-kanal du kan sjekka ut, som heiter Veritasium.
  • Du kan læra masse i Nysgjerrigper-bladet.
  • Still spørsmål til ting som andre synest er heilt vanleg: Kvifor er himmelen eigentleg blå? Eller kvifor det er lettare å gå ned enn opp ein bakke? Viss du tenkjer stort, kan du komma fram til mykje lurt.