EKSPERIMENT: Kvifor ramlar ikkje ballen ut?

Ung.Forskning og Universitetet i Stavanger har laga eit eksperiment du kan prøve heime!

Inge Christ, som jobbar ved Universitetet i Stavanger, prøver å blåse ballen ut av skåla. Men då spinn ballen rundt i staden.

Kvifor skjer dette?

Sjå videoen for å få vite svaret!

– Det som skjer blir kalla Bernoulli-effekten, forklarer Inge Christ i videoen.

Bernoulli-effekten er kalla opp etter vitskapsmannen Daniel Bernoulli. Han levde på 1700-talet, skriv Ung.Forskning.no.

Du kan merke Bernoulli-effekten hvis det bles ute: Når vinden må gjennom ein trong opning eller blir pressa rundt fjell eller over eit hus. Då får vinden større fart, og trykket i lufta vert lågare der.

Daniel Bernoulli var den fyrste som skreiv ned ei god forklaring på dette.