Derfor var det stormande jubel og full fest, då eitt nytt medlem av den truga gjengen nyleg vart fødd i fangenskap i Indonesia. Den hårete babyen er ei jente, og ho såg dagens lys i Samuthran nashornreservat den 24. mars.
Fødselen gir håp for å redde nashorn-arten frå å døy ut.
– Fødselen er gode nyheiter for innsatsen den indonesiske regjeringa og partnarar legg inn for å auka Sumatra-nashornbestanden, seier Wiratno, som er sjef for bevaring i miljødepartementet (MOEF), i ei pressemelding.
Les også: Forsking på hengande nashorn får pris
Åtte mislukka svangerskap
Mammaen til jente-babyen har dei prøvd å gjere gravid fleire gonger. Heile åtte gonger tidlegare har ho vore gravid og mista babyane tidleg i graviditeten.
– Rosa sin graviditet gir eit nytt håp for denne kritisk truga arten. Dette er kjempeviktig for ein kritisk truga art, og me deler spenninga over fødselen med heile verda, seier Nina Fascione, sjef i den internasjonale nashornstiftinga, i pressemeldinga.
No er det totalt åtte Sumatra-nashorn i Samuthran nashornreservat.
Se dette innlegget på Instagram
Kritisk truga
Alle dei fem nashorn-artane som fint i verda, er rekna som kritisk truga av WWF.
Det betyr at dei har ein ekstremt høg risiko for å døy ut som art.
Allereie er to nashorn-artar utdøydd: spissnashorn og stumpnashorn.
Det er fleire faktorar som gjer at Sumatran-arten er truga, og mykje av grunnen er oss menneske. Nashorna er nemleg utsett for krypskyting, fordi horna deira tradisjonelt er brukt i asiatisk medisin.
I tillegg blir dei også råka av menneskeleg inngrep i naturen, som gir dei mindre plass til å samla og para seg. Det gjer også at bestanden gått kraftig ned, skriv CNN.
No trur ein menneskeleg hjelp og å flytte nashorna til fangenskap er den einaste måten å redde arten på.