Forsking på hengande nashorn får pris

Ei gruppe forskarar har undersøkt korleis det påverkar nashorn å bli hengt opp-ned, medan dei er bedøvde. Tidlegare denne månaden vart forskarane tildelt årets Ig nobelpris.

Prisutdelinga er eit slags humoristisk motstykke til Nobelprisen. Arrangørane ønskjer å premiera og gi merksemd til forsking som «først får folk til å le, og så til å tenkja», skriv VG.

Kan nashorna ta skade av transporten?

Dette årets vinnarar er veterinær Robin Radcliffe og kollegaene hans frå Cornell University. Dei ville finna ut om dyr kan ta skade av å henga frå føtene under eit helikopter. Dette er ein metode som blir brukt i aukande grad, spesielt i situasjonar der nashorn blir flytta frå eitt habitat til eit anna i Afrika.

Arrangørane bak prisutdelinga er det humoristiske vitskapsmagasinet Annals of Improbable Research (Tidsskrift for usannsynleg forsking).

Sjå korleis nashorna blir flytta på her: 

Tolv bedøvde nashorn

Ingen har eigentleg stilt spørsmål ved om denne aktiviteten kan påverka hjarta og  lungefunksjonen til dei bedøvde dyra. Derfor sette Radcliffe og forskarteamet hans, i samarbeid med det namibiske miljødepartementet, i gang med eit prosjekt.

Dei batt tolv bedøvde nashorn etter føtene, og hang dei frå ei kran. Medan dei hang der, målte forskarane den fysiske responsen til dyra.

Det viste seg at dyra takla det særs bra.

Undersøkingane viste at det faktisk var betre for nashorna å henga frå føtene, enn å ligga på brystet eller på sida medan dei var bedøvde.