Dette skjer når du får frysningar

Du frys. Plutseleg byrjar kroppen å skjelva heilt av seg sjølv. Kvifor gjer han det?

Har du stått ute ein kald vinterdag utan tjukk nok jakke? Då har du kanskje kjent det. Først blir du kald. Så byrjar kroppen å skjelva. Det kan vera litt irriterande. Men eigentleg er det ganske smart. Kroppen lagar sin eigen varme!

Når du blir kald, oppdagar hjernen det nesten med ein gong. Då sender han beskjed til musklane om å trekkja seg saman – om att og om att. Det skjer så raskt at det ser ut som om du skjelv. Kvar gong ein muskel arbeider, lagar han litt varme. Ved å skjelva prøver kroppen å varma seg opp att.

Difor kan du ikkje berre stoppa

Har du prøvd å seia til deg sjølv: «No skal eg slutta å skjelva»? Det er ikkje så lett. Skjelvinga skjer heilt automatisk.

Hjernen har bestemt at det viktigaste akkurat no er å halda kroppen varm.

Kvifor frys nokon meir enn andre?

Det er ikkje alle som reagerer likt på kulde. Nokre byrjar å skjelva med ein gong. Andre toler kulde mykje lenger.

Det kjem mellom anna an på kor mykje varme kroppen lagar, kor mykje klede du har på deg, og kva du er van med.

Kan ein skjelva av andre grunnar?

Nokre gonger skjelv me fordi me er redde eller veldig spente. Då er det ikkje kulda som er årsaka. Kroppen reagerer på sterke kjensler, og musklane kan byrja å dirra sjølv om det er varmt rundt oss.

Kjelder: Store norske leksikon, BBC Science Focus