Team Pølsa får Redd Barnas barnerettspris

Redd Barnas barnerettspris blir årleg delt ut til nokon som har gjort ein særskilt innsats for å styrkje barn sine rettar. I år går prisen til Team Pølsa.

Det skriv handikappnytt.no.

Med årets pris ønskjer Redd Barna å løfte fram betydninga av at alle barn blir sett, høyrt og inkludert.

– Gjennom å dele eigne erfaringar, utfordringar og styrkar har ungdommane bidrege til å bryte ned fordommar og skape større forståing for korleis det er å vere ung med utfordringar (…) som ofte får lite plass i offentlegheita, seier Marianne Borgen, som er styreleiar i Redd Barna.

Ho legg til at ungdommane i Team Pølsa har vist kva kraft barn og unge har når dei blir lytta til og gitt moglegheiter.

Øystein «Pølsa» Pettersen som er programleiar og lagleiar for Team Pølsa er takksam for tildelinga.

– Vi lovar å fortsetje arbeidet for og saman med barn og unge, seier han.

Redd Barnas barnerettspris blir delt ut 17. november.