Berre eitt nashorn att som kan redda bestanden

No finst det berre eitt nordleg stumpnashorn i verda som kan brukast som eggdonor for å redda bestanden frå total utrydding.

Forskarane som har med dei to attlevande nashorna å gjera, Najin og Fatu, har bestemt at dei ikkje lenger kan bli gravide og bæra fram kalvar til termin, skriv BBC. I tillegg har dei trekt Najin heilt ut av avlsprogrammet, både grunna alder og andre faktorar.

Derfor er det berre egga til Fatu som kan brukast.

Vil ha hjelp frå annan bestand

Den siste hannen av arten døydde for tre år sidan, men sædcellene hans er samla inn. Det vart også gjort med ein hann som døydde i 2014, og cellene vart seinare brukt til å befrukta Fatu sine egg.

Forskarane håpar no at embryoa dei har samla kan implanterast i hoer frå ein annan nashornnbestand – nemleg sørlege stumpnashorn, som finst i det sørlege Afrika.

Trur prosjektet vil lukkast

Ifølgje SNL er det att om om lag 4000–5000 sørlege stumpnashorn i verda. No er forskarane svært positive til at bestanden til dei nordlege stumpnashorna kjem til å veksa.

– Me er veldig optimistiske og trur at prosjektet vil lukkast, seier dei.

Dei håpar at dei vil få kalvar i løpet av tre år, og at talet på bestanden vil auka dei neste 20 åra.