Deltek i super:bit-kampen: – Målet vårt er å vinna

To år etter at dei starta, er Tiril Andreassen, Selma Høier-Olsen, Emelin Skaane og Alma Amundsen bitt av kode-basillen. No håpar dei på eit godt resultat i super:bit.

0
Konkurrerer: Jentene har vore med på First Lego League to gonger. Først i Explore-klassen, og så i Challenger-klassen i 2021. Dei fortel at det fristar med fleire slike konkurransar. Alle foto: Privat
Tema: gjer det sjølv
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

Super:bit er ein konkurranse som skal gjera det spennande for barn og unge i Noreg å læra seg programmering.

– Me har vore med på First Lego League to gonger. Den første gongen var me med i Explore-konkurransen. Siste gong var me med i Challenge-konkurransen, der me kom til kvartfinalen, seier 11-åringane Tiril Andreassen, Selma Høier-Olsen, Emelin Skaane og Alma Amundsen.

– Når me viser fram det me har programmert og koda til dei andre på skulen, er det alltid mange som er nysgjerrige. Dei lurer på korleis dei kan starta og korleis me går fram.

To lag: No skal dei fire jentene opp mot kvarandre i super:bit. Alma og Emelin skal representera Rødsmyra Kodeklubb, medan Selma og Tiril representerer Rød Skole.

Kjekt å gjera koding saman

Jentene fortel at interessa for koding kom etter at pappaen til Emelin viste dei ein konkurranse, og at interessa deira passa for alle som er 7 år og eldre.

– Me syntest at det verka kult før me starta med det, men det er like kult no. Det lever absolutt opp til forventningane, seier Emelin.

– Det er veldig gøy. Derfor valde me å fortsetta med det, seier Selma.

Mykje av grunnen til at dei synest det er gøy, er fordi det er noko dei kan gjera saman.

– Det er kjekt å gjera det saman. Sidan alle har interesse for det, og sidan det er mogleg å gjera på fritida, har me heldt fram med det, seier Tiril.

Les også: Forskarar vil at robothundar skal utforska Mars

Vil vinna super:bit

Mest utfordrande derimot, er at jentene kan bli ueinige om korleis dei skal gå fram. Viss det ikkje fungerer som dei vil, kan det også bli litt frustrasjon i laget.

Gler seg: Alma Amundsen, Tiril Andreassen, Selma Høier-Olsen og Emelin Skaane gler seg stort til super:bit. Dei håpar å sikra seg ein billett til MGPjr-finalen.

– Det hender det at me blir litt sint, viss me møter på utfordringar, seier Tiril.

No satsar jentene alt på å stikka av med den gjeve premien i super:bit-konkurransen, nemleg billettar til MGPjr-finalen i mai. I konkurransen skal dei to laga deira køyra gjennom ei bane med ein robot og testa ut nokre motorar dei aldri før har prøvd seg på.

– Målet vårt er å vinna, seier jentene i kor.

Dei forklarar at det er viktig å jobba hardt og stå på, men samstundes ikkje stressa.

– Og så er det viktigaste å ha det gøy, seier Alma.

Tips til barn som vil prøva koding:

  • Spør ein lærar eller ein annan vaksen om du kan få prøva det.
  • Ikkje gi opp med ein gong. Det kan vera vanskeleg i starten, men når du skjønar det blir det berre gøy.
  • Det finst mange start-kits som du kan kjøpa på internett.
  • Start enkelt og gjer det vanskelegare etter kvart.