Barn meiner alle bør vera snille med robotar

Det kan vera lett å tru at ein robot som snakkar har kjensler. Forskarar i USA har snakka med 130 barn om kva dei tenkjer om robotar.

Barn har empati. Det betyr at dei har medkjensle for andre. Men har barn empati også når det er ein robot? Forskarar frå USA var nysgjerrige på det, skriv Ung.Forskning.no.

Forskarane frå Duke University har studert 130 barn mellom fire og elleve år. Barna besøkte eit teknisk museum saman med foreldra sine. Der fekk dei sjå eit videoklipp på 20 sekund av to robotar. «Alexa» som er ein smarthøgtalar som snakkar, og ein robotstøvsugar.

Trudde roboten har kjensler

– Sjølv om han ikkje har nokon kropp, trudde barna at Alexa har kjensler og tankar. Og det er ikkje slik at barna trudde at all slags teknologi kjenner noko, seier forskar Teresa Flanagan, som var med på å gjera forsøket til Ung.Forskning.no.

– Det er noko spesielt med Alexa og måten ho bruker stemma for å snakka, fortel ho.

Barna trudde ikkje robotstøvsugaren hadde ekte kjensler. Likevel meinte dei at me skal behandla den fint. Det var likevel ein skilnad mellom dei minste og dei største barna. Dei eldste barna synest ikkje det var like ille å kjefta på roboten eller å gå laus på han med hendene.

(Kjelde: Pressemelding frå Duke University)