Ingeborg kan løfta opp mot eit halv tonn: – Ho er knallflink

På eit av Noregs største sjukehus, har dei tilsette selskap av ei rekkje litt utanom det vanlege kollegaer.

Kule fakta om robotane på Ahus:
  • Dei kan løfta opp mot eit halvt tonn.
  • Farten er mellom 0 – 1,6 kilometer i timen.
  • Robotane gjer rundt 15.000 oppdrag kvar einaste månad.
  • Dei 22 robotane har kvart sitt damenamn.
LES FAKTALUKK FAKTA

På sjukehuset Ahus i Lørenskog, må ein følga litt ekstra godt med på det som skjer rundt ein. For der er det ikkje berre menneske som jobbar – men også robotar.

Dei 22 AGV-robotane (Automated Guided Vehicle) har vore ein del av sjukehuset over lang tid, og det er veldig bra for menneska som jobbar der. Maskinene gjer nemleg veldig mykje tungt arbeid.

Treng ikkje fancy utdanning: Viss du lurer på kva som må til for å få jobba med robotane på Ahus, er ikkje det avskrekkande nyheiter. – Du må vera den beste kandidaten. Og du treng ikkje ha ein fancy utdanning for å vera det, seier Glenn. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

– Først og fremst gjer dei noko med flyten på sjukehuset. Det er også veldig positivt med tanke på å spara menneska for hardt arbeid. Skulle ein stått og dytta på desse trallene kvar dag – då hadde ein fort blitt sliten.

Det seier Glenn Dahl (27), som er ansvarleg for drifta til AGV-robotane på Ahus sjukehus i Lørenskog.

Robotane hjelper menneska: Før robotane kom til Ahus, var det menneska som gjorde jobben med å løfta, skyve og frakta dei tunge bura. Glenn seier at det var om lag 10 personar som hadde denne jobben. – Det å dra og slita rundt på desse bura er slitsamt. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Tek heisen åleine

Kvar einaste dag kjem det i gjennomsnitt 2,2 trailerar med varebur inn til Ahus. Desse varene er forbruksartiklar som dei treng på sjukehuset.

Varene kjem i store traller som kan vega opp mot eit halvt tonn, som robotane plukkar opp i varemottaket.

– Alle trallene som roboten løftar, er merkt med ein kode som fortel kor han skal køyra på sjukehuset. Dei løfter, køyrer og tek heisen åleine. Og så kjem dei tomme trallene ned att til varemottaket når dei er blitt lassa av, seier Glenn.

Ein av robotane kjem køyrande forbi, og journalisten legg merke til at han er merkt med namnet Åse. Glenn kan røpa at det er ein artig årsak som ligg til grunn for namna.

Kalla opp etter partnarane til teknikarane

– Alle robotane har namn. Så vidt eg veit er dei namngitt etter partnarane til teknikarane som hadde ansvar for dei.

Ein annan robot, som har namnet Ingeborg, rullar forbi med eit fullassa bur.

– Ho er knallflink, seier Glenn og smiler.

Dei 22 robotane går etter sensorar, som betyr at dei har faste ruter i dei lange sjukehuskorridorane. Det gjer dei for å sikra at det ikkje blir kollisjonar med dei 12.000 menneska som også jobbar på Ahus.

Skulle det i verste fall skje, er det i så fall ikkje roboten sin feil.

– Når robotane køyrer rundt, så gjer den akkurat det den skal. Mennesket kan komma inn i blindsona til roboten, men då er det mennesket som går i bana til roboten – og ikkje omvendt.

Lys framtid for robotar på sjukehus

Glenn kjenner ikkje til om det har skjedd ulykker som er forutsaka av robotane, men er sikker på at det i alle fall er snakk om nesten-ulykker.

– Men igjen, det er mennesket som er problemet. Viss roboten går til feil plass eller køyrer på nokon, er det ein menneskeleg feil som ligg til grunn.

Framtida til robotar på sjukehus ser lys ut, ifølgje AGV-sjefen på Ahus.

Spolar me fram til 2050, trur han at me snakkar robotar i større skala enn no.

– Draumescenarioet mitt er at robotane hadde fått ein egen etasje, slik at me slepper dei menneskelege feila. Då hadde me kunne luka ut dei som var «i vegen». Eg trur også at me vil sjå på kva oppgåver robotane får, men uansett trur eg at forbetringa ligg i brukaren. Gjer mennesket det rett – gjer også roboten det rett.