Forskarar vil at robothundar skal utforska Mars

Hunden er mennesket sin beste ven. Kanskje robothunden også kan bli det?

Det har lenge vore snakk om at menneske kanskje skal reisa til planeten Mars. Men før me kan gjera det, vil forskarane at me veit så mykje som mogleg om planeten langt der vekke.

Til no har det berre vore «vanlege» robot-bilar på Mars. Men problemet med dei er at dei berre kan køyre der det er flatt, noko som betyr at det er ganske mykje dei ikkje får rapportert om tilbake til jorda.

Derfor har forskarane funne på noko lurt – dei vil senda robothundar for å gjera oppdagingar, skriv Ung Forskning.

Les også: Sjå robotane dansa

Blir trena av forskarar

Robothundane kan nemleg bevega seg fritt, i motsetnad til robotbilane. Robothunden det er snakk om, har fått namnet Au-Spot. Han er ein meister i ulent terreng og no blir den trena av forskarar til å mellom anna utforska holer på Mars, skriv nettstaden Livescience.

Forskarane vil senda fleire robot-hundar til Mars når dei er klar for det. Au-Spot-hundane jobbar i flokk, tre stykkar saman. Det skriv forskarane i ein presentasjon.

Her kan du sjå ein video av Au-Spot som er på liksom-oppdrag i ein bygning. Robothunden kan nemleg leita etter menneske, til dømes i ein redningsaksjon.