Forskarar gjorde eit forbløffande funn – oppdaga ein nyfødd spøkelseshai

Har du sett ein spøkelseshai før? Forskarar i New Zealand vart svært forbløffa då dei oppdaga denne nyfødde skapningen på 1200 meters djup.

Det er verkeleg ikkje kvar dag ein treffer på ein nyfødd spøkelseshai. Haien, som er i slekt med rokker og andre typar haiar, lever så djupt i havet at det er vanskeleg for oss menneske å møta på dei.

Derfor vart forskarane svært forskrekka då dei nyleg gjorde ein observasjon av den vesle krabaten på heile 1200 meters djup, skriv Institute of Water and Atmospheric Research (NIWA) i ei pressemelding. 

Les også: Kan bli den andre haien som kryssar Atlanterhavet

Klekt ut frå egg-liknande kapslar

Det var tydeleg for forskarane at den vesle haien nettopp var fødd. Embryoa til desse haiane utviklar seg nemleg i egg-linkande kapskar som blir lagt på botnen av havet. Der ligg dei til dei er klar til å klekkast.

– Ein kan sjå at denne spøkelseshaien er nyfødd, då den har magen full av innholdet i egget. Det er ganske forbløffande, då dei aller fleste kjende spøkelseshaiane som lever på djupt vatn er vaksne. Det er svært sjeldan at det blir rapportert om nyfødde spøkelseshaiar, så dei veit me veldig lite om, seier doktor Brit Finucci.

Dette er eit eksempel på kapslane som spøkelseshaien blir klekt ut av. Foto: Brit Finucci

Funnet vil hjelpa forskarane

Ho forskar på fisk ved NIWA, og var ein del av forskarane som gjorde oppdaginga av den merkelege haien. Nettopp det vil føra til at forskarane no kan få meir informasjon om den sjeldne haien.

– Funnet av fann denne spøkelseshaien, vil hjelpa oss å forstå biologien og økologien til denne mystiske gruppa djupvassfisk enno betre, seier Finucci.

Les også: Har oppdaga sjølvlysande haiar