Kan bli den andre haien som kryssar Atlanterhavet

Til vanleg sym den 50 år gamle kvithaien Nukumi opp og ned austkysten av USA og Canada. No utforskar ho nye ruter.

Den godt voksne haien har sumt feil veg og kan enda opp i Europa, seier forskarar til The Independent.

– Nukumi har reist frå vest i Atlanterhavet og kryssa den midtatlantiske ryggen, seier sjefsforskaren i OCEARCH, Bob Hueter.

Dette er veldig uvanleg, og forskarar har tidlegare berre fulgt ein annan kvithai som har gjort det same. Det var haien Lydia, som enda opp utanfor Portugal i 2014.

Haien Nukumi vart tagga med GPS i oktober 2020. Foto: Chris Ross/ OCEARCH

Veit ikkje kvar ho kjem til å reisa

Nukumi har no sumt i om lag to månader, lagt bak seg om lag 9000 kilometer og skal vera om lag 3000 kilometer utanfor den britiske kystlinja.

– No er ho nærare den britiske kystlinja enn den amerikanske, så ho kan nå britisk farvatn. Me trur ikkje at ho kjem til å reisa dit, fordi det er veldig sjeldan at kvithaiar er i det området, seier Hueter.

Forskarane er usikre på kvar ho kjem til å enda opp.

– Me må venta på fleire oppdateringar frå GPSen som er festa på ho, seier Hueter, som også trur at det kan vera mogleg at haien tek ein sving og reiser tilbake der ho kom frå.