Fekk gi namn til baby-pingvin

I forbindelse med Bergen kommune sin 950-årsdag og Holen skole sin 100-årsdag, fekk elevane i 4. klasse eit heilt spesielt oppdrag frå ordføraren.

– Eg var veldig spent, og det eksploderte nesten inni meg. Ho hadde på seg ordførarsmykket, seier Erle (9).

Ho, Daniel (9) og Aaron (9) går i 4. klasse på Holen skole i Bergen. Nyleg hadde dei besøk av ordføraren i Bergen som kom med spennande nyheiter. 

– Bergen hadde bursdag og vart 950 år. Kommunen leitte etter skular som også hadde jubileum i år, og slik vart det til at vår skule vart valgt, seier Aaron. 

Ei av bursdagsgåvene Bergen fekk, var heilt spesiell. Frå Akvariet i Bergen vart gåva at dei skulle få lov å gi namn til ein av dei nyfødde pingvinane.

Bekki er ein gut, og dei stolte pingvin-foreldra heiter Erik Pingleklepp og Gul. Foto: Akvariet i Bergen

Ordføraren i Bergen, Marte Mjøs Pedersen, ville ha hjelp til namnevalet, og valde Holen skole. Det er dei tre representantane frå 4. klasse veldig glad for. 

– Klassen var veldig spent, og syntest at det var kjekt å få ansvaret, seier Aaron. 

Jamn avstemming

– Ordføraren hadde plukka ut fem namn som me fekk velge mellom. To av forslaga kom frå klassen vår, og tre av forslaga hadde ordføraren plukka ut. Det var vanskeleg å velja, seier Daniel. 

Dei fem namna klassen fekk velja mellom var Kim (Friele), Bekki, Bjørgvin, Olav Kyrre og Dråpe – alle er namn som viser til plassar, kjende personar eller kjenneteikn ved Bergen. 

Erle, Daniel og Aaron fortel at det spesielt var to av forslaga som var populære.

– Dråpe og Bekki var namna som var mest populære i klassen, og avstemminga vart veldig jamn. Men til slutt var det Bekki som vann, seier dei. 

Kalla opp etter bekkalokk

– Bekki er kalla opp etter bekkalokka i Bergen, seier Erle. 

Bergensarane seier bekkalokk i staden for komlokk, og desse er det mange av i den blautaste byen i Noreg.

– Kva sa ordføraren om namnet som vart stemt fram?

– Ho likte veldig godt Dråpe, men det verka som ho var fornøgd likevel, seier Aaron. 

No gler Erle, Daniel og Aaron seg til at dei kan få reisa på besøk til den nye pingvinen på Akvariet.

– Når koronaen er ferdig, får me nok besøka han, seier Erle.