Beinstøtter hjelper babysjiraffen å stå

Takka vera spesielt utvikla beinstøtter, er babysjiraffen Msituni frisk, rask og kan leika med venene sine.

Hangar Clinic utvikla ei ekstremt sterk beinstøtte til Msituni, som er laga av eit stoff som heiter karbongrafitt. Støtta fekk vart også dekorert med sjiraffen sine karakteristiske flekkar. Foto: San Diego Zoo/San Diego Zoo Safari Park/San Diego Zoo Wildlife Alliance

Då Msituni vart fødd, var dyrepassarane bekymra for at sjiraffungen kunne døy. Ein av frambeina hennar bøygde seg feil veg, noko som nesten gjorde det umogleg for ho å stå.

Men takka vera spesielt utvikla beinstøtter, er ho no frisk nok til å leika med dei andre sjiraffane i San Diego Zoo, skriv Newsforkids.

Beinet var bøygd feil veg

Msituni vart fødd 1. februar i år, og det gjekk ikkje lang tid før dei som jobbar i dyrehagen forstod at noko ikkje var som det skulle med sjiraffen. Sidan det eine beinet hennar bøygde seg feil veg, var dei bekymra for om ho kom til å overleva.

Sjiraffar treng nemleg å stå på beina, for å drikka mjølk frå mora si.

Dr. Matt Kinney, veterinæren som hadde ansvar for Msituni, skjønte fort at den vesle sjiraffen trong hjelp for å stå. Derfor var han snøgg med å skaffa tilgang til nokre støtter frå ein lokal butikk, som han kunne tilpassa til beina til Msituni.

Støttene fungerte så-som-så, og veterinæren forstod at han var nøydd til å få hjelp frå nokon som visste kva dei gjorde. Derfor tok han kontakt med eit selskap som heiter Hanger Clinic. Dei har i årevis jobba med å laga kunstige armar, bein eller andre kroppsdelar for menneske som treng dei.

No er Msituni ein glad sjiraff, som kan leika med venene sine att! Foto: San Diego Zoo/San Diego Zoo Safari Park/San Diego Zoo Wildlife Alliance

No kan ho gå på eiga hand

Dei har også hjelpt dyr, som mellom anna delfinen Winter, som døydde på tampen av fjoråret. Då ho berre var to månader gamal, mista Winter halen sin, etter å ha blitt fanga i ei krabbeteine. Hanger Clinic laga ein heilt ny hale til ho.

Sjølv om selskapet ikkje hadde jobba med sjiraffar før, tok dei utfordringa på strak arm. Dei tok avstøypingar av beina til Msituni, og utvikla beinstøtter i svært sterkt materiale som heiter karbongrafitt. No har babysjiraffen tatt store steg i utviklinga om å bli frisk. Etter 39 dagar med beinstøtter, kan ho no gå på eiga hand att.

No har Msituni slutta seg resten av sjirafflokken i dyrehagen. Det vil hjelpa ho å læra mange av sjirafftinga ho har gått glipp av, medan ho var på sjukehuset.