For barnehagebarn og skuleelevar blir det anbefalt å halda seg heime berre når dei føler seg sjuke. Barn kan derfor gå på skulen og i barnehagen sjølv om dei er smitta, så lenge dei har vore feberfrie i 24 timar.
Barn og skuleelevar treng heller ikkje testa seg for korona sjølv om dei har symptom.
– Så lenge helsemyndane gir det rådet, så lyttar vi til det. Men det er viktig no som alltid, at viss ein er sjuk så skal ein vera heime, seier leiar Therese Thyness Fagerhaug i Utdanningsforbundet Oslo til VG.