Utanriksministeren: – Håpar inderleg ikkje at eg har smitta kongen

Utanriksminister Anniken Huitfeldt besøkte kongen før ho testa positivt for koronaviruset torsdag.

– I ettermiddag vart me varsla om at Huitfeldt har testa positivt for covid-19. Kongeparet og kronprinsen vil i samsvar med smittevernreglene testa seg for korona, sa assisterande kommunikasjonssjef Sven Gj. Gjeruldsen til VG i går.

Oslo 20220107.
Utenriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) kommenterer det ekstraordinære utenriksministermøtet i Nato som handlet om Russlands styrkeoppbygging mot Ukraina.
Foto: Heiko Junge / NTB

I dag kom det fram at Hans Majestet Kong Harald har fått forkjølingssymptom og er sjukemeldt dei neste dagane. Det melder Slottet i ei pressemelding.

God betring

– Eg ønskjer Hans Majestet Kong Harald god betring. Eg har hatt ein fin samtale med kronprins Haakon i dag, og eg er takksam for at kronprinsen vidareformidlar den varme helsinga mi til kong Harald, skriv utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) i ei utsegn til NTB.

– Som eg sa i går, så er eg som alle andre redd for å smitta nokon, og eg håpar inderleg ikkje at eg har smitta kong Harald, dronning Sonja eller kronprins Haakon, legg ho til.

Det var NTB som fyrst omtala saka.