Kamila Valijeva (15) blir hylla etter historisk triks på skøytebana

Russiske Kamila Valijeva gjorde noko ingen har klart før henne. No blir ho allereie kalla tidenes beste kunstløpar.

15-åringen er blant dei yngste deltakarane i OL. Ho gjennomførte eit fantastisk friløp i lagkonkurransen for ROC (Russlands olympiske komité). Valijeva vart tidenes første kvinne som meistra eit firedobbelt hopp i OL, og ho gjorde det attpåtil to gonger, skriv NRK.

Blir kalla tidenes beste

ROC hadde allereie sikra gullet før Valijeva kunne setja krona på verket med den historiske framsyninga. USA tok sølvet framfor Japan på tredjeplass.

– Olympisk gull var barndomsdraumen min. Eg har snakka om dette med mamma sidan eg var lita. No er draumen gått i oppfylling, sa Valijeva til Sport-ekspress etter triumfen.

VIDEO: EUROSPORT / YOUTUBE