Dette er dei nye koronareglane for deg som er barn

Regjeringa har valgt å letta på dei strenge smitteverntiltaka, slik at barn og unge i større grad skal få ha ei meir normal fritid.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap). Foto: Flickr / Arbeiderpartiet / CC BY-ND 2.0-lisens

– Regjeringa ønskjer at barn og unge i størst mogleg grad skal ha ein normal kvardag og skånast for inngripande tiltak. Det er viktig at me gir barna våre moglegheit til fellesskap, tilhøyrsle og læring som fritidsaktivitetar bidreg til.

Det seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen i ei pressemelding. 

Blir lettare å bli med på fritidsaktiviteter

Derfor skal det no bli lettare for born å delta på kultur-, idrett- og andre fritidsaktiviteter.

Regjeringa skriv at dei fortløpande vurderar tiltaka, og at dei vil gjera ei ny vurdering i starten av februar.

Dette er dei nye reglane for barn si fritid:


  • Alle barn og unge under 20 år kan gjennomføra treningar og øvingar som normalt. Viss aktiviteten blir arrangert innandørs, anbefaler regjeringa å avgrensa gruppa til omtrent 20 personar eller etter klasse/kohort. Det blir også opna for å spela kampar innandørs. Døme på dette er ein handballkamp eller ein konsert med korpset.
  • Viss aktiviteten blir arrangert utandørs, er det ingen avgrensingar på avstand eller antal deltakarar. Det betyr at det er mogleg å reisa på turneringar, cupar eller skirenn som samlar barn som bur ulike stadar.
  • Likevel blir det anbefalt å avgrensa storleiken på konkurransane, og framleis venta med dei større turneringane og cupane.

Dette er dei nye reglane på skulen: 


  • Det er ikkje lenger nasjonale reglar om at det må vera gult nivå i barnehagar, barne- og ungdomsskular og SFO. Viss det er mykje smitte der du bur, kan kommunen velga å innføra gult nivå.
  • Dersom det er mykje smitte på skulen din, skal det vera jamnleg testing.
  • Det er ikkje krav om ein meters avstand til andre på skulen.

Generelle smitteverntiltak:


  • Dei generelle smitteverntiltaka som å vaska hendene og passa på kvar du hostar, er framleis viktige. Det er også viktig å vera heima viss du blir sjuk og testa deg for korona dersom du får symptom på det.