Denne bilen kan skifta farge

Bilprodusenten BMW viste nyleg fram ein bil dei har laga, som er noko heilt spesielt med. Den kan nemleg skifta farge.

Har du nokon gong sett ein bil som kan skifta farge? Ikkje me heller – før me såg den nye spesialversjonen av BMW-elbilen «iX Flow».

– I framtida vil me ikkje berre knyta skjermar til digitale opplevingar. Det vil bli meir og meir sammensmelting av det verkelege og det virtuelle. Med BMW «iX Flow» gir me liv til overstellet til bilen, seier Frank Weber, som er styremedlem i BMW AG i ei pressemelding. 

Eit overstell/karosseri er alle dei ytterste delane på ein bil. Det beskyttar det som er inni bilen.

Foto: BMW Group

Samme teknologi som på lesebrett

For at bilen skal kunna endra farge, har bilselskapet «pakka» den inn med noko som heiter «E Ink». Frå før er denne teknologien mest kjent frå lesebrett som du kan bruka til å lesa bøker på. Eit eksempel på eit lesebrett er ein Kindle.

Skjermane til lesebretta brukar elektrisitet til å skrifta blekk, slik at skjermen kan visa forskjellige mønster og bokstavar.

Bileigaren kan kanskje dekorera bilen sin som dei vil – i framtida

Til no kan bilen til BMW berre visa svart, grå og kvit farge.

Men BMW trur at ideen vil gjera det mogleg for bileigarar å dekorera bilen sin akkurat slik dei vil – i framtida. No viser dei nemleg berre fram ideen, og det er ikkje klart om dei verkeleg planleggjer å selja bilane sine med «E Ink»-innpakning.

Sjå korleis bilen skiftar farge her: