Fiat forbyr grå bilar

Den italienske bilprodusenten meiner verda treng fleire fargar.

Grå er ein av dei vanlegaste bilfargane, men frå i sommar av sluttar Fiat å lage grå bilar. TV 2 skriv at Fiat heller vil ha bilar i fargar inspirerte av den italienske sola, sjøen, jorda og himmelen.

– Fiat ønsker å inspirere folk til å leve med optimisme og positivitet, seier toppsjefen Olivier Francois, ifølge TV 2.