Kva tid blir det vanleg med flygande bilar?

Flygande bilar har blitt testa ut i lang tid. Men det vil ta endå nokre år før dei tar heilt av.

Heilt sidan den første bilen vart produsert i 1886, har vi ønskt å sjå desse maskinene flyga. Den kinesiske elbilprodusenten avduka det flygande bilprosjektet sitt i 2021. Maskina heiter XPeng Voyager X2 og har ein maksfart på 130 km/t. Den har plass til to passasjerar og flyturen kan ta opptil 35 minutt.

Mange selskap viser allereie prototypane sine. Dessverre er ingen av prototypane enno teke i kommersiell bruk.

Nokre problem

Reglane for fly og bilar er veldig ulike. Fly må heile tida ha kontakt med flykontrollen og seia ifrå kvar dei er, slik at dei ikkje står i fare for å kollidera med andre fly. Vi treng reglar slik at det blir mest mogleg trygt og effektivt å fly med bilane. Det må også vera trygt å ta av og landa med bilane. Og må sjåførane ha førarkort for både fly og bil?

Det vil også vera fleire andre ting som må løysast av flinke ingeniørar for at dei flygande bilane skal vera mest mogleg trygge.

GAMAL DRAUM: Convair Model 118 er ein prototype med ein flygande bil allereie frå 1947. Foto: San Diego Air & Space Museum