Tirsdag var det møte om kva rolle skogen spelar i klimakampen, under klimatoppmøtet i Glasgow. Der vart det bestemt at 12 land, inkludert Noreg, har lova vekk til saman 105 milliardar kroner som skal gå til å ta vare på regnskogen.
Desse 105 milliardane skal gå til å verna alle regnskogane i verda fram til 2025. Det skriv NRK.
Må ta grep
Statsminister i Noreg, Jonas Gahr Støre, fortel at det er på tide å ta grep.
– Me må stansa tapet av den tropiske skogen før 2030 om me skal nå 1,5 gradersmålet frå Parisavtalen, seier han.