Trumps sosiale medium skal kallast «Truth Social» og er venta å opna for testing neste månad for inviterte, melder AFP. Plattforma er eigd av Trump Media & Technology Group (TMTG).
– Eg skapte Truth Social og TMTG for å stå imot tyranniet frå teknologigigantane. Me lev i ei verd der Taliban har stort nærvær på Twitter, og der favorittpresidenten din har vorte tia i hjel. Dette er uakseptabelt, seier Trump.