Dei siste åra har Singapore gjort ein stor innsats for å gjera byen reinare, noko som har ført til at dei både har fått meir reint vatn og mindre forureining.
Dette er det ikkje berre menneska som likar – for no har meir enn ti oterfamiliar har busett seg og lært seg korleis dei skal leva i ein av verdas største byar, skriv Dagbladet.
Menneska er delt
For menneska sin del, er dei både positive og negative til at oterane er blitt eit meir vanleg syn i byen.
Dei som er positive til oterane, reiser rundt i byen for å følgja med på korleis dei ulike dyrefamiliane brukar dagane sine.
Dei studerer kvar dei ulike familiane bur, dei finner ut kven som er venner og uvenner, om dei har fått nye kjærestar og kvar dei kranglar.
Dei som er negative, er lei av at oterane forsyner seg fritt av Koi-fiskar som bur i dammar rundt om i byen. Nokre meier at oterane må skytast, medan andre meiner at dei skal få boltra seg fritt i byen.
Må finna ein måte å leva saman på
Statsministeren i Singabore har til og med engasjert seg i diskusjonen om dei nye innbyggjarane.
Han skreiv eit innlegg på Facebook der han tok for seg at «menneska og oterane måtte finna ein måte å leva side om side på».