Forrige månad bestemte Taliban seg for å forby jenter å gå på skulen på ubestemt tid. Det har ført til kraftig kritikk og BBC skriv at Afghanistan no skal vera det einaste landet i verda som har eit slikt forbud.
Derfor har tidlegare fredsprisvinnar Malala Yousafzai bestemt seg for å heva stemma si.
Sendte brev til Taliban
Ho har sendt eit brev til Taliban, der ho ber at dei snur i tankegangen sin, og at jentene får returnera til skulebenken. Ho oppfordra også leiarar for muslimske nasjonar å gjera det klart for Taliban at «religion ikkje rettferdiggjer det å hindra jenter frå å gå på skule».
I tillegg til underskriften til Malala, er brevet også signert av fleire andre kvinneaktivistar, skriv NRK.