Ian Brackenbury Channell (88) har jobba som trollmann i Christchurch, New Zealand, dei siste 23 åra. Der har han ifølgje jobbomtalen sin utført «trollmannshandlingar og andre trollmanntenester».
Men no har han mista jobben sin, og han må derfor levera inn både trollhatt og tryllestav. Grunnen er at byen har bestemt seg for at dei vil gå mot ein meir moderne og mangfaldig retning, skriv BBC.
Trollmann sidan 1970-talet
Ian starta med trolldom då han flytta til New Zealand i 1976. Då hadde han trylleshow på offentlege plassar, noko som ikkje var særleg populært blant styresmaktene i landet. Derimot vart han raskt kjempepopulær blant publikum, som gav grei beskjed då styresmaktene ville ha slutt på trylleshowa hans.
Før han mista jobben, hadde Ian vore offisiell trollmann i Christchurch sidan 1982. Men som ikkje det var nok, vart han i 1990 faktisk spurt om han ville bli «trollmannen av New Zealand».
Trolldom til folket
Spørsmålet kom frå den dåverande statsministeren i landet, Mike Moore.
– Eg er uroa over at trolldomen din ikkje er tilgjengeleg for heile nasjonen, skreiv statsministeren i eit brev.
For dei som har valgt å reisa på ferie til Christchurch, har Ian vore ein naturleg attraksjon. Noko av det han er kjend for er at han mellom anna arrangert regndansar på New Zealand og i Australia når det er mykje tørke.