Åse vert den yngste på Stortinget

– Det er framtida vår det handlar om, seier Åse Kristin Ask Bakke (25).

Åse Kristin Ask Bakke
  • Alder: 25
  • Yrke: Sjukepleiar
  • Frå: Harøya, Ålesund kommune
  • Leiger leilegheit i Ålesund saman med ei venninne.
  • Elskar å vera på sjøen. – Eg er vaksen opp med seglbåt og kajakk, fortel ho.
LES FAKTALUKK FAKTA

Bakke er frå Harøya i Ålesund kommune og jobbar som sjukepleiar. Ho gler seg over å få representere dei unge, heimfylket og partiet sitt på Stortinget.

– Det er kjekt å sjå at så mange unge kjem inn. Det viser at når unge engasjerer seg, kan vi forandre både lokalsamfunn og landet, seier ho.

– Viktig representasjon

Det er valt inn 14 representantar på Stortinget som er under 30 år. Åse Kristin Ask Bakke meiner det er viktig at heile folket er spegla i maktens korridorar, anten det er snakk om geografi eller alder.

Ho trekker fram arbeidsmarknaden, klimakrisa og bustadpolitikken som viktige saker som dagens unge kjenner på kroppen.

– Det er vår framtid det handlar om. Politikken som vert laga og ført i dag, er det vår generasjon som skal forvalte, seier Bakke.

Yngst på Stortinget: Åse Kristin Ask Bakke er den yngste representanten på Stortinget etter årets val. Foto: Privat

Byrja i ungdomsrådet

Bakke fekk sitt første møte med politikken i ungdommen. Ho engasjerte seg i ungdomsrådet og gjekk for første gong på talarstolen i heimkommunen for å kjempe for sommarjobbar, ungdomsklubb og MOT-ordninga. Kommunestyret lytta til ungdommane, og dei fekk gjennomslag.

– Då lærte eg at det funkar å engasjera seg. Ein kan forandra ting! Det håpar eg unge sit att med: at når ein engasjerer seg, kan ein forandra verda til det betre. Om det er i lokalsamfunnet, gjennom ungdomsrådet eller på Stortinget. Vi får det til bit for bit, seier Bakke.