Yngste olympiske medaljevinnar på 85 år

Unge deltakarar gjorde det veldig bra i mange olympiske idrettar under årets sommar-OL i Tokyo.

Ein av dei som gjorde det svært godt, var 12 år gamle Kokona Hiraki frå Japan.

Ho tok sølvmedaljen i kvinnenes skateboardpark, noko som gjer ho til den yngste olympiske medaljevinnaren på 85 år. Hadde ho tatt gullmedaljen, ville ho vorte den yngste olympiske meisteren i historia.

I følgje hovudpersonen sjølv, er ikkje dette med alder noko ho bryr seg særleg om, skriv Time Magazine.

– Eg bryr meg eigentleg ikkje om alder, sa ho til journalistar etter konkurransen.

Les også: Fire nye sportar til sommar-OL

Les også: Vann konkurranse – no blir Elias (13) sponsa for å skata