Vann konkurranse – no blir Elias (13) sponsa for å skata

Elias Egeberg vart i sommar plukka ut til å bli sponsa med utstyr og klede av eit norsk skateboardmerke.

Skatetips frå Elias
  • Det viktigaste med skating er å vera tålmodig. Greier du det, blir det kjekkare og kjekkare.
  • Start med det lettaste, og aldri gi opp.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg vart veldig glad, men det var også veldig uverkeleg å bli plukka ut av så mange deltakarar, seier 13 år gamle Elias Egeberg.

Konkurransen han utmerka seg i, gjekk føre seg på Instagram.

– Dei søkte etter 100 deltakarar, der kvar og ein skulle sende inn ein video av seg sjølv på skateboard, seier Elias.

Stor stas

Elias er vant til å flyga høgt når han gjer triks. Foto: Privat

I tillegg til talent og ferdigheiter, var det også viktig med mange stemmer og god innstilling for det endelege resultatet. Å vera ein representant inneber meir enn berre det å vera flink.

– Det same kan ein seie om det å vera ein god skatar også, legger Elias til.

– Eg har fått masse gode tilbakemeldingar og foreldra mine vart veldig stolte. Det er kjekt, seier han.

Har skata sidan han var to år

Elias har fleire venner i skatemiljøet enn han har på skulen.

– I skate-miljøet har det ikkje noko å seie kor gamal du er, der er alle vener uansett.

Fysak er ein stad med mange skateramper i Bergen.

Han tykkjer det er kjekt å heile tida læra nye ting, og fortel at han ikkje var store karen då han avgjorde at dette var sporten for han.

– Eg har skata sidan eg var to år gamal, men då var det berre for moro. No dei siste nesten tre åra er eg blitt meir seriøs.

Han nemner fleire førebilete, som mellom anna Ishod Wair frå USA, og fortel at han kjem til å skata heilt til han ikkje kan gjera det meir.