LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR: Mari Moen Holsve

Etter lange dagar på stranda og i sola, er det lite som er betre enn å trekkja seg tilbake og lesa ei fin, spennande eller kjekk bok.

LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR

I løpet av sommaren kjem Framtida Junior til å publisera lesetips frå fleire kjende barnebok-forfattarar i Noreg.

LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior har spurt barnebok-forfattarar i Noreg om deira beste lesetips i sommar.

I dag er det Sommarles-forfattar Mari Moen Holsve som gir sine tips. 

Mari har sidan 2015 skrive forteljingane til den digitale lesekampanjen Sommarles.

Ho har skapt hovudpersonane i historiane, Asbjørn og Astrid, som i år skal reisa på eventyr til mystiske gamle ruinar i regnskogen.

LES OGSÅ: Intervju med Mari Moen Holsve

Ti kniver i hjertet av Nora Dåsnes

 

Superkult om jenter og det å bli forelska.

Særlig fin for deg som er jenta og oppdagar at du forelskar deg i jenter – men kul og fin for alle som diggar teikneserier!

 

En himmel full av skyer av Arne Svingen

Skikkelig morsom og kul bok om Henrik, som får verdas verste beskjed frå legen.

Derfor bestemmer han seg for at han blir nøydd til å redda verda fra klimakrisa!

 

 

Harpa av A. Audhild Solberg

Skikkelig skrekk-bok!

Superekkelt om noko som finnast ute i skogen – dette er ikkje ei bok for deg som lett får mareritt.