– Eg blir supergira og happy av Sommarles

Mari Moen Holsve (34) har sidan 2015 skrive forteljingane til den digitale lesekampanjen Sommarles. Ho har skapt hovudpersonane i historiane, Asbjørn og Astrid, som i år skal reisa på eventyr til mystiske gamle ruinar i regnskogen. Sommarles startar i dag, 1. juni!

Mari har laga ei årleg Sommarles-historie sidan 2014. I år er intet unntak.

– Eg blir supergira og happy kvar gong eg ser kor mange som deltek på Sommarles, fortel ho.

Historia blir til

Når Mari skal lage ei ny forteljing jobbar ho i eit team. Det betyr at fleire jobbar saman.

– Eg og sommarles-teamet startar alltid med å kasta idéar fram og tilbake om kva som skal vera årets tema. Allereie no har vi byrja å snakka om tema for 2022, så det skjer lenge før det kjem ut til publikum, fortel ho.

I år er det den frodige regnskogen som er reisemålet for Astrid og Asbjørn.

PREMIAR: Mari får alltid vite kva som blir årets premiar lenge før alle andre. – Premiane er alltid ein del av forteljinga. I år er det mellom anna ein pilspiss av svart stein og ei haitann, fortel ho. Foto: Privat

– Eg ville at dei skulle reise tilbake til Inka-kulturen. Det er veldig spennande! Eg håpar du får kule bilete i hovudet når du les årets forteljing. Målet er at fantasien går bananas!

Fantasy for alle

Mari likar best å skriva fantasy. 

– Det er ein kul sjanger. Eg las det mykje sjølv på barneskulen og ungdomsskulen. Den sjangeren gjer at Astrid og Asbjørn kan gjera magiske ting i historia. Dei kan til dømes reisa kvar som helst i tid og rom, fortel ho. 

Når Mari reiser rundt på sommarles-festar, spør ho gjerne barna kor Astrid og Asbjørn bør reisa neste år. 

Teksten held fram under videoen.

– Då får eg ofte ein følelse på kva kidsa synest er kult. Regnskogen er jo veldig aktuell i høve til klima- og miljøproblem. Dessutan er det supereksotisk og spennande med regnskog og ruinar, seier Mari.

Inspirasjon har ho henta i gamle Donald Duck-historiar og forteljingar om Indiana Jones.

– Eg elskar eventyr og gamal mystisk kultur!

Berre gøy

Lesekampanjen er for alle elevar i 1. til 7. trinn.

– I Sommarles handlar det om å finna den boka som du likar. Dette skal berre vera gøy! Du kan lesa, lytta til lydbok, eller lesa Donald-pocket om du vil, seier Mari.

Til deg som ikkje likar lesing vil ho seie: 

– Det er heilt greitt å kjenna at du blir frustrert av lesing. Men eg kan lova at det finst ei eller fleire bøker som er perfekte for deg. Spør ein lærar eller bibliotekar om hjelp til å finna den boka du synest er kul.