Eit havområde mellom dei to spanske øyene Tenerife og La Gomera, er offisielt blitt det første området i Europa som tek vare på og samtidig let menneske få besøkja kvalar i deira rette element, skriv Verdens Beste Nyheter.
Havområdet skal gjera kvaliturismen meir bærekraftig, men også beskytta dei store dyra på ein betre måte.
Jobbar for å gjera livet til kvalane betre
Framover skal det jobbast med å minska forurensing, dempa støy frå båtmotorar og driva opplæring i kvifor det er viktig å ta vare på kvalane.
Kvalområdet mellom Tenerife og La Gomera er det tredje farvatnet i verda, som blir verna på denne måten. Dei første var Hervey Bay i Australia og The Bluff i Sør-Afrika. Ytterlegare seks område, mellom anna i Brasil, Canada og New Zealand har søkt om å bli verna.