Mykje nytt og moro i sommarparkane: Tusenfryd i Ås

Framtida Junior har sjekka kva som er nytt i nokre av dei store sommarparkane i Noreg.

Sommarparkane i Noreg

Dei kommande vekene kjem me til å presentera kva som skjer, kva som er nytt og kva reglar som gjeld med tanke på smittevern i desse parkane:

  • Bjørneparken i Flå
  • Hunderfossen i Lillehammer
  • Sommarland i Bø
  • Mikkelparken i Kinsarvik
  • Dyreparken i Kristiansand
  • Tusenfryd i Ås
  • Kongeparken i Ålgård
LES FAKTALUKK FAKTA

Me har tatt ein prat med dei store sommarparkane i Noreg, slik at du og familien din veit kva som møter dykk der, og korleis de må planleggja for å få mest ut av opphaldet.

I dag går turen til Tusenfryd i Ås.

Kva skjer i parken?

Også i Tusenfryd gler dei seg til sommaren, med besøk av nordmenn som er glad i fart og spenning. Thundercoaster, Ragarok og Speedmonster er nokre av attraksjonane som ventar.

– Våre 650 medareidarar står klar til å ønska alle velkommen til ei trygg og sikker park, seier marknadssjef Erik Røhne Andersen.

Kva er nytt i år?

Det er ingen nyheiter på Tusenfryd i år, men det er gjort enkle forbetringar og oppgraderingar på enkelte eteplassar, butikkar og spel.

Korleis passar parken på smittevern?

Som i dei andre parkane forventar dei å bli fullbooka fleire dagar, og det er lagt til rette for gode smitteverntiltak.

– Det er viktig å halda seg heima om du har symptom på korona. Alle må kjøpa billettar på nettet og det er viktig med god handhygiene. Ein meters-regelen gjelder også her, i tillegg til at det må brukast munnbind i alle køar, seier han.