Mykje nytt og moro i sommarparkane: Dyreparken i Kristiansand

Framtida Junior har sjekka kva som er nytt i nokre av dei store sommarparkane i Noreg.

Sommarparkane i Noreg

Dei kommande vekene kjem me til å presentera kva som skjer, kva som er nytt og kva reglar som gjeld med tanke på smittevern i desse parkane:

  • Bjørneparken i Flå
  • Hunderfossen i Lillehammer
  • Sommarland i Bø
  • Mikkelparken i Kinsarvik
  • Dyreparken i Kristiansand
  • Tusenfryd i Ås
  • Kongeparken i Ålgård
LES FAKTALUKK FAKTA

Me har tatt ein prat med dei store sommarparkane i Noreg, slik at du og familien din veit kva som møter dykk der, og korleis de må planleggja for å få mest ut av opphaldet.

I dag går turen til Dyreparken i Kristiansand. 

Kva skjer i parken?

Dyreparken er ope tolv timar kvar dag i sommar. Du kan sjå dyrepresentasjonar, show og anna underhaldning. Høgdepunktet for mange born, Kaptein Sabeltanns kveldsforestilling i Kjuttavika, har premiere 8. juli.

Kva er nytt i år?

Dyreparken kan også frista med fleire nyheiter i år – mellom anna eit heilt nytt sjørøvarteater i Kaptein Sabeltanns Verden, to nye trua dyreartar og klatring i nærleiken av orangutangane.

Korleis passar parken på smittevern?

Anniken Bjørnstad Schjøtt, som er marknads- og kommunikasjonsdirektør i Dyreparken, seier at dei gler seg over at det blir ein ny sommar med ferie i Noreg.

– Mange valgte Dyreparken som ein del av ferien sin i fjor. Me håpar og trur at dei vil koma tilbake også i år.

Vil du på besøk til Dyreparken, må du bestilla billettar i god tid. Dei avgrensar talet på samtidige gjester i parken, som eit tiltak for å forhindra kø. Kapasiteten i parken vil bli tilpassa i takt med smittevernreglane.