Mykje nytt og moro i sommarparkane: Kongeparken i Ålgård

Framtida Junior har sjekka kva som er nytt i nokre av dei store sommarparkane i Noreg.

Sommarparkane i Noreg

Dei kommande vekene kjem me til å presentera kva som skjer, kva som er nytt og kva reglar som gjeld med tanke på smittevern i desse parkane:

  • Bjørneparken i Flå
  • Hunderfossen i Lillehammer
  • Sommarland i Bø
  • Mikkelparken i Kinsarvik
  • Dyreparken i Kristiansand
  • Tusenfryd i Ås
  • Kongeparken i Ålgård
LES FAKTALUKK FAKTA

Me har tatt ein prat med dei store sommarparkane i Noreg, slik at du og familien din veit kva som møter dykk der, og korleis de må planleggja for å få mest ut av opphaldet.

I dag går turen til Kongeparken i Ålgård.

Kva skjer i parken?

I Kongeparken riggar dei no for det dei kallar Noregs kulaste ferie. Det betyr at du kan sova på ein av fleire valfrie overnattingsplassar og i tillegg få tilgang til over 60 attraksjonar i parken.

Kva er nytt i år?

I fjor lanserte dei BrumleCamp som er eit glampingtelt i parken. I år byggjer dei vidare på dette konseptet.

– Denne sommaren opnar me heilt nye BateLodge. Me har totalt ti glampinghyttetelt med balkong, eigne soverom og bad. Telta er plassert i hjarta av Kongeparken, slik at familiane som kjem kan kosa seg i parken på dagtid og oppleva eigne kveldsaktiviteter når parken stenger for dei ordinære gjestene, seier Therese Oddsen, som er dagleg leiar i Kongeparken.

Korleis passar parken på smittevern?

Som i dei andre parkane, blir det også fokus på smittevern i Kongeparken. Det betyr ekstra god plass for dei som kjem på besøk.

– Me har sett ned kapasiteten på tal gjester i parken i henhold til smittevern. I tillegg må alle bestillingar skje på nettstaden vår, seier ho.