Du kan bli trist av å sjå lykkelege sommarbilde på sosiale medium

No er sosiale medium proppa fulle av sommarbilete med glade folk i perfekte omgivnader. Kva gjer det med korleis me opplever vår eigen sommarferie?

Lin Prøitz er forskar ved Høgskolen i Østfold. Ho seier til Ung.Forskning.no at det er nokre problem ved at me har så mange å samanlikna oss med heile tida.

For sjølv om du har det veldig fint der du er, kan bilete av venner på ei fin badestrand endra kjenslene dine. Du kan tenka at du ville hatt det endå betre om du var der dei andre er.

Logg av

Det du kjenner i magen når du ser andre si sommarlukka, kan òg vera rein og skjer misunning. Fleire forskarar har nemleg funne ut at misunning er vanleg blant dei som bruker sosiale medium.

Å vera misunneleg blir gjerne sett på som noko negativt. Men forskarane minner om at dette er noko alle menneske kjenner på.

Forskarane finn òg at misunning heng saman med ei anna negativ kjensle, nemleg det å vera trist. Derfor gir dei oss eit råd. Viss andre sine sommarbilde øydelegg humøret, kan det vera lurt å logga av.