Mykje nytt og moro i sommarparkane: Sommarland i Bø

Framtida Junior har sjekka kva som er nytt i nokre av dei store sommarparkane i Noreg.

Sommarparkane i Noreg

Dei kommande vekene kjem me til å presentera kva som skjer, kva som er nytt og kva reglar som gjeld med tanke på smittevern i desse parkane:

  • Bjørneparken i Flå
  • Hunderfossen i Lillehammer
  • Sommarland i Bø
  • Mikkelparken i Kinsarvik
  • Dyreparken i Kristiansand
  • Tusenfryd i Ås
  • Kongeparken i Ålgård
LES FAKTALUKK FAKTA

Me har tatt ein prat med dei store sommarparkane i Noreg, slik at du og familien din veit kva som møter dykk der, og korleis de må planleggja for å få mest ut av opphaldet.

I dag går turen til Sommarland i Bø.

Kva skjer i parken?

Bø Sommarland er den største vatnparken i Skandinavia. «Sjøormen Sjur», «Vassføyka» og «Tryll» er berre nokre av attraksjonane som ventar badeglade gjester.

Kva er nytt i år?

Nytt av året, er at dei er den første norske bedrifta som innfører «Solsikkemerket». Dei som har ei usynleg funksjonshemming, kan få utdelt eit armband som syner dette.

– Me vil tilby ein heilheitleg oppleving for alle, seier Rene Langeveld Sas, som er administrerande direktør i parken.

Korleis passar parken på smittevern?

Direktøren synest at det er positivt at fleire nordmenn oppdagar det flotte Noreg har å by på. Men også her må dei besøkjande vera klar over at dei må bestilla billettar på forhand.

– Me må forholda oss til begrensingar på kor mange me får lov å ha i parken. Derfor får me ikkje utnytta ei eventuell aukt interesse for ein VANNvittig moro dag.