Fakta om diamantar
- Diamanten er eit mineral som består av reint karbon.
- Diamanten er det hardaste av alle stoff.
- Han blir brukt til mange tekniske formål og til smykke.
- Diamantar blir danna naturleg ved eit stort trykk i Jordas mantel. Dei kjem til overflata ved magmatisk aktivitet.
- Det er mogleg å framstilla kunstige diamantar til smykke, men dei som er naturlege er mest dei ettertrakta.
Kjelde: SNL
LES FAKTALUKK FAKTA
Med sine 1098 karat, kjem den bak 3106 karat store Cullian som vart funnen i Sør-Afrika i 1905, og 1109 karat store Leseidi La Rona som vart funnen i Botswana i 2015. Det skriv The Guardian.
Presidenten i Botswana, Mokgweetsi Masisi, fekk sjå diamanten etter at den vart oppdaga.
Bringar håp
– Dette er den største diamanten som har vorte funnen i Debswana si historie på over 50 år i drift, seier direktøren i diamantselskapet Debswana, Lynette Armstrong, og legger til:
– Denne sjeldne og ekstraordinære steinen betyr mykje her i Botswana. Den bringar håp til ein nasjon som strevar.