Ho synest det er viktig og bra at NRK Super set fokus på tvangstankar.
– Det er kanskje ein del barn som har ein slags ide om kva det er, men det er fint at serien gir alle meir kunnskap, seier ho.
Sjølv spelar ho hovudrolla som Tara som er bestevenninne med Sanne. Sanne slit med tvangstankar, og Tara er den einaste som veit om det. Tvangstankar er uønskte, påtrengande tankar, kjensler eller idéar. Dei opplevast vanlegvis som vonde, motbydelige, skremmande og/eller truande. Tankane berre dukkar opp i medvitet, og det er vanskeleg å bli kvitt dei utan å få hjelp.
– Sanne og Tara har vore vener lenge, så Tara er van med at Sanne har ting ho berre må gjere, fortel ho.
Snakk om det
Maya meiner det er fint om alle opnar seg meir om korleis dei har det inni seg.
– Viss du opplever at nokon har tvangstankar, prøv å få den personen til å føle seg trygg rundt deg, seier ho.
- LES MEIR: Tilde (13) spelar hovudrolla som Sanne i Nødt eller Sannhet
- LES MEIR: Viljar (14) spelar hovudrolla som populære Daniel i Nødt eller Sannhet
I serien er Sanne flau over at ho må dunke tre gongar med fingrane eller føtene på enkelte ting. Tvangstankane hennar seier at ho må gjere det – elles skjer det noko gale. Litt ut i serien blir jentene uvener fordi dei begge er forelska i same gut, Daniel. Når Sanne sviktar Tara, ved å kysse Daniel, blir tvangstankane hennar verre. Ho mister den einaste venen som veit korleis ho har det.
Gøy å jobbe med
Under innspelinga likte Maya seg aller best når kamera rulla.
– Under opptaka fekk eg litt adrenalinkick. Det var veldig spennande å få vera ein person eg ikkje er, fortel ho.
Samstundes opplevde Maya at ho og karakteren Tara har mykje til felles.
– Vi er veldig like, men ho gjer nokre ting eg aldri hadde tenkt på eingong. Til dømes at ho får Daniel til å kysse seg i Nødt eller Sannhet. Eller at ho peikar på Daniel når ho blir spurt om kven ho likar. Ho er veldig modig, fortel Maya.
Innspelinga var Maya si fyrste erfaring med å vera skodespelar.
– Då mamma fekk beskjed om at eg fekk rolla fekk eg heilt sjokk, Eg visste ikkje heilt korleis eg skulle reagere og mamma byrja å grine av glede, ler ho.