– Det var heilt absurd å bli lurt

Etter at programleiaren for NRK Super-serien «Lurt» sjølv blei lurt i serien, måtte ho snakka lenge med dei andre i redaksjonen om kva som var ekte og kva som var lureri.

– Me har laga ein serie for alle som lurer på kva me eigentleg kan stola på i samfunnet. Korleis blir me lurt? fortel Ane Norum Kvistad.

I den nye serien reiser NRK Super på besøk til ein familie som har meldt seg på eit program som skal komma på TV. Dei bruker ein dag saman, før TV-gjengen seier takk for seg og reiser. Men, nokre veker seinare dukkar dei opp igjen for å lure den andre forelderen trill rundt. Dei samarbeider med barnet og den andre forelderen om lureriet.

– Alle foreldra i dei ulike familiane har vore positive og takla det å bli lurt veldig fint. Det har vore mykje humor og gøy, fortel Ane.

Dette er Magnus (11) og far hans, Hans Martin Hopsø. Dei var med i episode 3. – Me køyrde ein klassisk prank på pappaen. Me fekk han til å bera ei kasse gjennom ei dør. Etter at han gjekk ut av rommet, bytta me kassa med ei som var litt større. Så sa ein skodespelar at kassa var sett inn i feil rom, og at den måtte ut døra att. Så, då pappaen skulle bæra den ut, verka det som om kassen hadde vakse. Den gjekk ikkje ut den same døra! fortel Ane.
Foto: NRK

Tilfeldige folk

Også tilfeldige menneske på gata i Trondheim fekk oppleva korleis det følast å bli lurt på skjult kamera.

– Det er ikkje mange, men det har hendt at folk blir sure og sinte når dei oppdagar at dei er blitt lurt. Det har heldigvis berre vore når me har lurt tilfeldige folk på gata. Når me finn folk slik, veit me jo ikkje noko om kven dei er eller korleis dagen deira har vore. Kanskje dei er stressa på veg til jobb, for eksempel: Det er også ein del som har blitt litt brydd, eller flau over at dei har blitt lurt. Men ingen kjem på TV om dei ikkje synest det er greitt, fortel Ane.

Blir lurt sjølv

I den siste episoden av «Lurt» blir programleiaren sjølv lurt av resten av redaksjonen i NRK Super.

– Det var heilt absurd. Heile redaksjonen lurte meg i to-tre månader. Eg blei så overraska, og i grunn veldig imponert over at dei hadde klart å halda det hemmeleg, fortel Ane.

Det gjorde noko med ho:

– Eg fekk ein følelse av at eg ikkje visste heilt kva som var sant og ikkje sant. Eg måtte snakka lenge med dei andre etterpå om kva som var ekte og ikkje, fortel ho.