Viljar (14) spelar hovudrolla som populære Daniel i Nødt eller Sannhet

– Eg er nok ganske annleis enn Daniel. Eg ville for eksempel aldri kyssa nokon andre medan eg var saman med ei jente, seier Viljar Knutsen Bjaadal.

I den nye NRK Super-serien Nødt eller Sannhet spelar Viljar rolla som Daniel – guten som bestevenninnene Sanne og Tara er forelska i.

– Daniel er ein litt vinglete type. I starten av serien, då Sanne spør for Tara om han vil bli kjærast med ho, seier han berre ja fordi det er Sanne som spør. Han er jo eigentleg forelska i Sanne, fortel Viljar.

Etter mykje fram og tilbake endar Daniel opp med å kyssa Sanne medan han framleis er saman med Tara. Det skapar splid mellom jentene då Sanne sviktar Tara ved å ta i mot kysset. Sanne er forelska i Daniel, utan at ho har sagt det til bestevenninna.

Artikkelen held fram under bilete.

BLIR UVENER: Tilde Ender Søvik og Maya Ystenes spelar venninnene Tara og Sanne i TV-serien Nødt eller Sannhet. Begge er forelska i Daniel som blir spela av Viljar Knutsen Bjaadal. Foto: NRK Super

– Eg ville aldri kyssa nokon andre medan eg var saman med ei jente, seier Viljar.

Han kjenner seg att i ein del av karakteren, men ikkje i alt.

– Eg er ikkje så drøy som han er. Han er veldig «på», ler Viljar.

Tvangstankar

Tema i Nødt eller Sannhet er forelsking, venskap – men også tvangstankar. Sanne, som blir spela av Tilde Ender Søvik (13), strevar med dette. Tvangstankar er uønskte, påtrengande tankar, kjensler eller idéar. Dei opplevast vanlegvis som vonde, motbydelige, skremmande og/eller truande. Tankane berre dukkar opp i medvitet, og det er vanskeleg å bli kvitt dei utan å få hjelp.

– Daniel tenkjer mest på korleis Sanne er som person. Han bryr seg ikkje om at ho har tvangstankar, seier Viljar som visste kva tvangstankar var før innspelinga av serien starta.

– Eg hadde høyrt om det. Eg har ein ven som sleit med det før, fortel han.

Han trur det er viktig at dei som har det slik snakkar med nokon om det.

– Du bør snakke med ein vaksen. Viss du skal bruke mykje energi på å tenkja på kva andre meiner om deg, får du ikkje levd livet ditt på den beste måten, seier Viljar.

Framtid som skodespelar

Rolla som Daniel er Viljar si fyrste hovudrolle. Tidlegare har han hatt ei lita rolle i Søskensjokk på NRK Super.

– Eg var usikker på om eg var god nok skodespelar til å få ei hovudrolle, men etter audition tenkte eg at det kanskje var mogleg likevel. Det var så gøy då eg endeleg fekk vita at eg fekk rolla! Då visste eg at eg kom til å få masse erfaring og bli kjent med mange nye menneske.