I USA og Canada vart Pfizer-vaksinen godkjent for 12–15-åringar i starten av mai. I Europa går det mot at koronavaksinene for born ned i 12 års-alderen blir godkjent neste veke, skriv NRK.
I Noreg er det framleis usikkert om dei under 18 år vil bli vaksinerte, men ei undersøking gjort av Folkehelseinstituttet (FHI), viser at eit stort fleirtal av foreldre i Noreg vil gi vaksina til borna sine.
Det kom fram i undersøkinga som har fått namnet «Haldningar til vaksinasjon av born».
Les også: Forskar på vaksinar for barn: – Me vil unngå alvorlege biverknader
Mange foreldre vil vaksinera borna sine
74 prosent av deltakarane i undersøkinga svarte at det var «svært viktig» eller «nokså viktig» å vaksinera borna sine, dersom dei fekk tilbodet. 89 prosent av dei som svara i undersøkinga, har born som er under 18 år.
Åtte prosent av dei som svara, svarte at der var «lite viktig» eller «ikkje viktig» å vaksinera borna sine.
Undersøkinga viser også at flesteparten av dei som har svart, meiner at borna bør få vaksine grunna bekymring for langvarige ettervirknader av viruset, eller grunna bekymring for at bornet kan bli sjuk av korona.
Les også: Korleis fungerer eigentleg ei vaksine?